Framsteg for skytebanen

 

   Formannskapet har slutta seg til eit framlegg frå Øystein Holmelid (Ap) som opnar for å sette i gang med å erverve grunn til ein ny skytebane på Askøy.  Holmelid la vekt på å formulere seg på ein måte som gjer at heile prosjektet kan fullførast med kommunal støtte.

 

AV, Harald O. Clausen

23.08.2002

 

   Varaordføraren såg heilt klart at korkje Askøy skyttarlag eller andre interessentar til det som også skal bli eit aktivitetsenter i Munkebotn, vil makte å finansiere planane.

 

Manglar finansiering

 

   Holmelid reknar med at grunnervervet vil ta eit års tid. Det er svært mange grunneigarar i Munkebotn.  Også kommunen er eigar.

   -Vi må sikkert rekne med å måtte ekspropriere eindel grunn. Difor vil arbeidet ta tid, så eg reknar med at det minst går eitt år.

   Holmelid gjer merksam på den manglande finansieringa. Her må gjerast eit arbeid.

   -Sjølvsagt må pengar inn på kommunebudsjettet. I tillegg må vi leite opp midlar andre stader. Eg tenkjer på diverse støtteordningar; tippemidlar, statlege tilskot, fylkeskommunale tilskot og andre.

   Og når grunnervervet er ferdig, skal sjølve skytebanen med vegar, vatn, kloakk og straumframføring finansierast?

   -Ja, men førebels veit vi nesten ingen ting om kostnaden.  Det skal byggjast omlag 800 meter med veg inn i området. I tillegg må det byggjast parkeringsplass for temmeleg mange bilar. Eg reknar med at Askøy skyttarlag får svært stor vekst den dagen skytebanen står ferdig.  Dette er ein sport for gammal og ung, kvinner og menn, seier Holmelid.  Han ser ikkje bort frå at heile prosjektet kjem til å koste eit tosifra millionbeløp. Kommunen må her yte finansiell hjelp på linje med det som andre idrettar får. Holmelid kritiserte eit framlegg frå Høgre der vilkåret var at kommunen berre skulle engasjere seg i grunnerverv.

   -Då får vi aldri nokon skytebane på Askøy, slår han fast.

 

Digert aktivitetsenter

 

  -Kva tid reknar du med at både skytebane og aktivitetsenter står ferdig?

  -Prosjektet må finansierast over fleire år. Debatten om korleis det skal skje må starte no i haust.  Dei første kronene må inn på budsjettet for neste år. Så får resten kome dei neste åra på økonomiplanen, svarar Holmelid som nemner årstalet 2006 som realistisk for ferdigstilling av anlegget.

   Han seier seg glad for vedtaket i formannskapet og har tru på at det også blir positivt i kommunestyret som har siste ordet i saka.

   Varaordføraren minner om den tidlegare debatten om eit digert aktivitetsenter i Munkebotn med motocross og trailbane for å nemne noko.

  -Denne debatten bør vi no friske opp att. Området som er regulert er stort med plass til mange aktivitetar, seier Holmelid.  Dei som til no har meld si interesse i Munkebotn er, utanom Askøy skyttarlag, Askøy sportskyttarlag, Askøy jeger og fiskeforening og Askøy modellflyklubb.